Sigfrid Hernes gikk ut av Statens kunstakademi i 1994.
Ho er født på Evanger i Voss kommune og har budd i Alta sidan 1992.
Kunstneren er blitt innkjøpt til offentlige og private samlinger, for eksempel til Nordnorsk Kunstmuseum og kunststiftelsen, Sparebank 1 Nord – Norge. Ho har hatt ei rekke separatutstillinger, som på Nordnorsk kunstnersenter i 2013, og deltatt i utallige gruppeutstillinger. For tida er ho representert på Nordnorsken og i tegneutstillinga «Higher Ground» i regi Nordnorsk Kunstmuseum. Ho har gjordt kunstprosjekt i offentlig rom. Den siste er ei tegning av et tre på Sortland ungdomsskole.
Kunstnaren er først og fremst tegner, men uttrykker seg like ofte i fotografi. Ho har også gjort video og animasjon, som filmen «Komme vekk – være i drømmen». Her tar ho også i bruk det kartografiske. Hernes uttrykker seg for det meste i svart/kvitt. I fravær av fargar blir lys og mørke det viktigaste.
Ho oppsøker stader i naturen som samsvarer med det ho vil seie eller uttrykke. Vi kan sjå ein søken i det meditativt estetiske. Hernes forsøker å stoppe tida som i eit stillbilde i ein film, eller den lange prosessen det er å tegne det. Vi kan ane ei forståing om at alt er natur og alt er viktig og har samme krav på å bli sett.
Tusjtegningane er bygd opp av utallige små strek. Fotografia er oftast gjordt med stativ og liten blenderåpning og lang lukkertid. På den måten blir landskapet med alle sine detaljer avbilda. Den samme detaljrikdommen finn vi ofte att i tegningane.
Kunstnaren arbeider i serier; «Lekeplassen min», «Moden frukt/frykt», «Point of no return» for å nevne nokon. Tekstane er viktige for korleis tolke bilda.
Sigfrid Hernes lager studier. Det vil seie ho gjengjev det ho ser. For å gjere det må ho sjå det på nytt og på nytt. Ho brukar lang tid på å bli kjent med det ho tegnar og fotograferar. Ved sida av å gå i område, bruker ho ny teknologi som GPS, Google 3D og 3D kotekart for å få innsikt i det ho avbildar.